HVL Skape logo
EventSogndalPresentasjon

Innovasjonscamp ved HVL Sogndal – idrett og friluftsliv

tirsdag, 28 april 2020 kl 11:15-22:00

Den årlege innovasjonscampen ved HVL Sogndal har vore gjennomført kvart år sidan 2010 med mellom70 og 100 deltakande studentar frå lærarutdanning, idrett og friluftsliv. Campane har vore arrangerte i eit samarbeid mellom Ungt Entreprenørskap, HVL og lokalt næringsliv. Lærarane ved HVL meinar at dette er eit så viktig arrangement at vi ikkje kan «hoppe over» innovasjonscamp 2020 til tross for utfordringane med corona viruset. Difor har dei sett på muligheiter for eit digitalt arrangement, og tilpassa innhaldet til digitale plattformer. Konklusjonen er at det blir innovasjonscamp ved HVL Sogndal i 2020 på den digitale plattforma Zoom.
Kva er ein innovasjonscamp?
Innovasjonscamp er eit program som er utvikla av Ungt Entreprenørskap. Ein kan gjerne definere det som ein treningsleir i kreativitet. Konseptet går ut på at ein eller fleire lokale/regionale bedrifter stiller med ei problemstilling som vert opplevd som ei reell utfordring for bedrifta. Studentane blir presenterte for oppdraga og deretter delt inn i grupper for å gå i gang med å løyse oppdraget. Undervegs i prosessen med å løyse oppdraget har studentane tilgang til rettleiing frå lærarar, profesjonelle rettleiarar og frå sjølve oppdragsgjevaren. Til slutt endar det heile opp i ein pitch der kvar gruppe skal presentere sine løysingsforslag i plenum. Oppdragsgjevar er tilstades og gir studentane tilbakemeldingar på løysingsforslaga. Les meir om programmet innovasjonscamp på Ungt Entreprenørskap sine nettsider:
Årets arrangementet vil gå over to dagar, 28. – 29. april med fylgjande innhald:
28. april: studentane blir presenterte for tema som entreprenørskap, innovasjon, kreativitet, verdiskaping og bærekraft slik at dei har ei felles forståing for begrepa. Deretter blir dei med på ei kreativitetsøkt på digital plattform. 29. april: sjølve inovasjonscampen. Ein startar med presentasjon av årets oppdragsgjevar som er den lokale bedrifta LokelBikes i Sogndal. Bedrifta har som forretningsidè å leige ut elektriske syklar. Studentane løyser oppdraget i grupper på Zoom og til slutt blir det felles presentasjonar og tilbakemeldingar i plenum. I tillegg får studentane møte studentbedrifta Sognagrepet SB for å få innsyn i det å starte og drive studentbedrift.
Som sagt har campane vore arrangerte i eit samarbeid mellom Ungt Entreprenørskap, HVL og lokalt næringsliv, men i år vil innovasjonsrådgjevarar fra HVL Skape bistå under arrangementet.
Program
https://drive.google.com/thumbnail?id=1uR7WisRPz4XpnvNTKBdcN-nyRf0xZjY0

Event Info

  • tirsdag, 28 april 2020
  • 11:15-22:00
  • Zoom (adresse kommer)
  • Maks 100 stk

#hvlskape