Velkomen til ein ettermiddagsøkt med føde for mage og hjerne!
Sunnfjord kommune, i lag med HVL, Helse Førde og Vestland fylkeskommune, har sett i gong eit forprosjekt for å sjå nærmare på om autonome bussar kan vere ei god løysing for byen Førde i framtida. Eit av spørsmåla er kva for strekning ein eventuell pilot skal køyre. Konsulentselskapet Knowit kjem for å informere om status på ulike prosjekt i Noreg, og har ansvaret for workshopen der du som deltek kan kome med dine innspel.