Lyst å vere med i Idéspretten?
Idéspretten er eit studentdrive initiativ av og for studentar i Sogndal som er interessert i innovasjon og entreprenørskap. Idéspretten starta opp på seinvinteren, og fokuserer på å skape uformelle møteplassar for studentar som er interessert i forretningsutvikling, ideutvikling, kommersialisering og andre tema knytt til innovasjon og entreprenørskap. Idéspretten har eit eige lokale i «Glasburet» i tredje etasje i Stadionbygget. Idéspretten samarbeider tett med HVL Skape.
Fleire av drivkreftene i Idéspretten avsluttar studiene sine i Sogndal no i vår, og dei er interessert i å komme i kontakt med studentar som har lyst å engasjere seg i Idéspretten i tida framover. Det er eit mål å etablere Idéspretten som ein studentorganisasjon.
Ta kontakt med student Sivert Hammer (siverts.hammer@gmail.com) i Idéspretten om du ønsker å vere med på å forme og vidareutvikle dette spennande studentintiativet.
Idéspretten si Facebookside: https://www.facebook.com/idespretten/.