HVL Skape logo
Nyhetssak

Bli med på Nyskapingsmaraton 14. november!

onsdag, 16. oktober 2019
newsimage-9a2d2f2b-a0f6-5f60-9387-3089341daf55
Har du ein gründer i magen, eller er du generelt interessert i innovasjon og entreprenørskap?
Då bør du få med deg Atheno sin Nyskapingsmaraton torsdag 14. november.
Nyskapingsmaratonen er den første i regi av Atheno, og kjem som ein ny versjon av den årlege Nyskapingskonferansen. Dei legg opp til seks "distansar" og lovar høg puls frå morgon til kveld. Ein kan sjølv velge om ein vil melde seg på halvmaraton (inkluderer 3 distansar) eller heilmaraton (alt inkludert).
Danat Tekie, som er organisasjonsvitar, entreprenør og ein av grunnleggjarane bak Young Sustainable Impact, kjem og drar oss gjennom distansen "Kombinasjonen innovasjon, berekraft og unge".
Gründermamma Stine Pettersen, SoMe-ekspert og Marknadsføringsninja, gir gode råd om "Korleis lukkast i sosiale medier".
Hans Petter Nesse, adm. dir. Wärtsilä Norway, fortel om prosjektet Zeeds, som handlar om samarbeid for å skape ein grønare skipsfart.
Det vert også anledning til å booke speed-date med Enova, pluss mykje meir.
Etablerarar/gründerar og studentar kan delta til redusert pris.
Sjekk ut heimesida til arrangementet for program og påmelding: https://www.atheno.no/stec_event/nyskapingsmaraton-2019/
les mer her

Forfatter: Rannveig Litabø | dato: onsdag, 16. oktober 2019

#hvlskape