Nyhetssak

Campus Verftet – ein myldreplass for samskaping innan teknologi og innovasjon!

mandag, 30. november 2020
newsimage-0b394c2a-64bb-53fb-b483-7aee14d8b513
Tysdag 10. november vart Campus Verftet offisielt opna. Campus Verftet er eit felles teknologisamarbeid mellom HVL, Fagskulen i Sogn og Fjordane (eigd av Vestland fylkeskommune) og Sunnfjord kommune. Satsinga legg til rette for samskaping og eit kompetanseløft innan teknologi. Fasilitetane på Verftet har topp moderne utstyr i eit felles lokale med klasserom, kontorfelleskap, robotikk lab, elkraftlab, og eit stort laboratorium. Dette er areal som kan nyttast av både studentar, tilsette og næringsliv. Campus Verftet ligg på det gamle verftsområdet i Førde.
Sidan opninga har det vore aukande aktivitet i lokala. Fleire studentar har funne seg godt til rette på verftsområdet, og brukar lokala til å lese til eksamen og jobbe i lag grupper. I tillegg har HVL Skape nytta lokala for å arrangere ulike workshop for studentar. Den første handla om autonome busser der studentane fekk høyre om prosjektet så langt og bidra med deira innspel i prosessen frem mot pilotprosjektet i Førde! Det andre arrangementet var ein lightning decision jam med tillitsvalgte studentar på tvers av fag og studentorganisasjonar.
Vi gler oss til å ta i bruk Campus Verftet enno meir i framtida!

Forfatter: Frida Olsen Engedahl | dato: mandag, 30. november 2020

#hvlskape