HVL Skape logo
Nyhetssak

Ein strålande arena for Skape-aktivitet!!

onsdag, 15. april 2020
newsimage-21a7739a-bd86-510d-9293-786f939381d6
På området til Hellenes (gamle Ankerløkken Verft) i Førde utviklar Høgskulen på Vestlandet, i samarbeid med Fagskulen Sogn og Fjordane, topp moderne lab-fasilitetar til bruk for studentar og næring. Det skal investerast 30 millionar kr i ulike lab`ar, i klasserom, grupperom, fellesareal og mindre kontor. Her vil studentane kunne boltre seg i topp moderne utstyr, tilpassa den kvardagen mange av dei skal ut i etter utdanning. Det vil bli tilsett labingeniør som kan hjelpe til ved oppgåveløysing og anna arbeid. Her vil det bli rom for at alle med skapartrong kan få utfalde seg! På lab`en kan ein sette teori om til praksis. To av HVL Skape sine tilsette vil ha fast kontorplass her.
Allereie no er Robotikklab`en på plass. Her er tre doktorgradsstipendiatar i full sving. Elkraft-lab`en har og flytta inn. Campus Førde verftet vil vere ein glimrande arena for samhandling mellom studentar og næring, då mange selskap har etablert seg på verftet.
Då er det bare å gle seg til hausten, om alt går etter planen opnar Campus Førde verftet offisielt i august. Vi sjåast!

Forfatter: Øyvind Østrem | dato: onsdag, 15. april 2020

#hvlskape