HVL Skape logo
Nyhetssak

Heile 73 studentar har søkt på emnet EN312 Innovasjon og studentbedrift

mandag, 7. september 2020
newsimage-4a9427e1-260d-5059-9cb1-e8c44031e1aa
Emnet EN312 innovasjon og studentbedrift kom i gang som eit tilbod til alle studentar ved HVL hausten 2018. Fyrste året var det 8 studentar som fullførte emnet og tilbakemeldingane frå studentane var gode. Studieåret 2019/2020 gjennomførte 23 studentar emnet.
«Eg har fått ei utvida forståing for entreprenørskap og det som ligg bak. Det å tenke nye løysingar er viktig for ei bedrift – også for å få ein bedre verden på fleire måtar.»
Sitat student 2019/2020
«Eg vil ha stor nytte av kompetansen tilegna på studiet enten det er snakk om å drive eiga bedrift eller ikkje. Denne kunnskapen er ikkje berre viktig for dei som skal drive eiga bedrift, men også for arbeidstakarar»
Sitat student 2019/2020
Sjå filmen om Sognagrepet SB her. Studentar ved EN312 2019/2020:
https://www.youtube.com/watch?v=kfgw98eowNE
Emnet er bygd opp med tanke på å skaffe studentane ei brei kompetanseplattform innan sentrale emner knytt til innovasjon og entreprenørskap. På emnet vil dei blant anna få lære om innovasjon, kreativitet verdiskaping, bærkraft, bedriftsetablering, økonomi og sal / marknadsføring. Eit sentralt arbeidskrav på emnet er at studentane skal starte og drive eigen studentbedrift. Dei 10 studiepoenga på emnet kjem i tillegg til andre studier som studentane er tilknytt (fortrinnsvis bachelor og mastergrader).
Søkarane 2020/2021 kjem frå fire ulike campus: Bergen, Førde, Haugesund og Sogndal. Det er også ei stor breidde blant søkarmassen med tanke på profesjonstilhøyrigheit. Mange av studentane kjem frå bachelor i folkehelsearbeid, ulike ingeniørstudier, naturbasert reiseliv og idrett / friluftsliv. Der er også fleire sjukepleiestudentar som har søkt og fleire frå økonomisk/administrative fag.
Det blir spennande å fylgje desse studentane og deira studentbedrifter utover i studieåret 2020/2021. Fleire tidlegare studentar ved emnet har etablert aksjeselskap, så det viser seg at forretningsidèar som oppstår på emnet blir jobba vidare med også etter endt utdanning.

Forfatter: Eivind Standal Husabø | dato: mandag, 7. september 2020

#hvlskape