HVL Skape logo
Nyhetssak

Innovasjon gjennom strukturert kreativitet

fredag, 25. oktober 2019
newsimage-3626b02d-16a2-5af0-9800-5474139d2b6f
På Campus Førde og Campus Sogndal tilbyr Gro, Tuva, Hilde og Roger ulike typer arrangement knytt til innovasjon og entreprenørskap til studentar som er gira på møteplassar som kombinerer det sosiale og det faglege. Gjennom desse møteplassane vert du kjent med entreprenørskapsverktøy utan å levere eksamen. Arrangementa er av ulik karakter, alt frå lågterskel-kveldar med øl og teikning, til større idékonkurransar. Felles for arrangementene er tverrfaglegheit, kreativitet og nyskaping.
Nytt av året er lynkurs i Design Thinking. Design Thinking er ein metodikk som er mykje nytta i entreprenørskaps- og innovasjonssamanheng over heile verda. Kjernen i Design Thinking er å skape grundig forståing for brukaren når ein utviklar nye tenester, produkt eller prosessar. Ved å jobbe med forståing for brukaren vert ein i stand til å jobbe fram eit konsept som svarar på behova og forventingane til dei som treng det.
Tankegangen er lånt frå designfeltet, men passar alle fagretningar. Difor passar det like godt å nytte Design Thinking når ein utviklar eit fysisk hjelpemiddel for eldre innan helse og omsorg, som når ein skal utvikle ei teknologisk løysing innan havbruksnæringa. Ikkje minst er det ein genial måte å jobbe på når ein skal kome fram til ei felles løysing i tverrfagleg arbeid. Du er ikkje kreativ eller innovativ seier du? Bli med på kurs, så skal vi leite fram gründeren i deg!
På bildet, fra venstre: Gro Rukan og Tuva Eide

Forfatter: Tuva Eide | dato: fredag, 25. oktober 2019

#hvlskape