HVL Skape logo
Nyhetssak

SKAPEkveld på Campus Førde

tirsdag, 25. august 2020
newsimage-6f998369-7d30-5b7b-b6a1-1e018011f11f
Det var god stemning tysdag 25.08.20 då nærare 25 studentar samla seg i Festsalen på HVL for å høyre om HVL Skape. Studentane kom frå både bygg-, IT, automasjon- og sjukepleiarstudie, og sat med god avstand mellom seg grunna koronapandemien som framleis herjar i landet vårt. Gro Rukan, Øyvind Østrem og Eivind Husabø leia samlinga, og losa dei oppmøtte gjennom programmet som handla om både kva HVL Skape er, STUD-ENT-ordninga til Norges Forskningsråd, og korleis studentane sjølv kan engasjere seg i organisasjonane. Midtvegs i programmet var det pause med mingling og servering, etterfulgt av ein introduksjon til valfaget Studentbedrift (EN312). Faget gir 10 studiepoeng fordelt på to semester, og kjem på toppen av dei 60 poenga studentane elles tek i løpet av eit år. Interessa var stor, og fagansvarleg Eivind Husabø kunne love eit engasjerande fag med mykje rom for kreativ utfolding.
Samlinga vart avslutta med ei individuell oppgåve der kvar student fekk utdelt eit A4-ark, og med dette skulle forme ein elefant medan dei hadde auga att. Vinnaren av konkurransen fekk premie for sin originale formingsmetode, før studentane vart ynskje vel heim og velkomne til neste samling.

Forfatter: Gro Rukan | dato: tirsdag, 25. august 2020

#hvlskape