HVL Skape logo
Nyhetssak

Velkommen til ny medarbeider i HVL Skape-teamet: Aina Isdal Haugland

tirsdag, 7. april 2020
newsimage-f7b22995-7df5-51d5-b5d3-a6d0533c2a3f
Aina Isdal Haugland begynte ved Mohnsenteret 17. februar og er utdanna statsvitar frå Universitet i Bergen, med ein mastergrad i administrasjon og organisasjonsvitskap. Intraprenørskap, systemendringar og utdanningssektoren er av særskilt stor interesse. Mellom anna har ho jobba med Ungt Entreprenørskap, jobba med kartlegging av utstyrssituasjonen i vidaregåande skule på landsbasis, og skrive masteravhandling om internasjonalisering av kinesiske universitet. Ho har variert erfaring; frå samfunnsutvikling og næringsarbeid i kommunal sektor, frå nyskapande og dynamiske selskap i energi og finans, og frå større organisasjonar innan olje og offentleg forvaltning.
På Mohnsenteret arbeider ho som kompetansemeklar i MobiFORSK og med studententreprenørskap i HVL Skape.
På fritida interesserar Aina seg for alt frå Kina til gamle trehus og tango.
Vi ønskar Aina velkommen på HVL Skape-laget!

Forfatter: Svein Sjøtun | dato: tirsdag, 7. april 2020

#hvlskape