HVL Skape logo
Nyhetssak

Velkommen til ny medarbeider i HVL Skape-teamet: Eivind Standal Husabø!

onsdag, 6. mai 2020
newsimage-341f4ff9-c5b9-5882-9e1c-664364fa7636
Eivind Standal Husabø er ansatt ved FLKI og byrja i HVL Skape-teamet 6. mai. Han har ein mastergrad i organisasjon og leiing frå Høgskulen på Vestlandet og har tidlegare jobba som førskulelærar og lærar i vidaregåande skule. I dag er han tilsett i ei kombinert stilling mellom HVL Skape og Ungt Entreprenørskap Vestland. Eivind har jobba med entreprenørskap i skulen sidan 2003, og har sidan 2006 vore ansvarleg for UE si satsing på vidaregåande skule, høgskule og universitet i Sogn og Fjordane. Etter samanslåinga til Ungt Entreprenørskap Vestland er han i dag ansvarleg for UE Vestland si satsing på høgskule og universitet. Ved HVL har han jobba med undervisning i innovasjon og entreprenørskap på ulike fakultet sidan 2008. Han er også emneansvarleg for emnet EN312 Innovasjon og studentbedrift, der oppfølging av studentbedrifter er ein del av jobben. Eivind er medlem av forskargruppa Research in Pedaogical Entrepreneurship (RiPE) der han blant anna har forska på entreprenørielle praksisar ved HVL.
Ved FLKI arbeider han med studententreprenørskap i HVL Skape.
På fritida er det musikken som er Eivind sin store lidenskap. I den seinare tid har mesteparten av fritida gått med til å restaurere familiehytta. Han er også interessert i IT og web design.
Vi ønskar Eivind velkommen på HVL Skape-laget!

Forfatter: Svein Sjøtun | dato: onsdag, 6. mai 2020

#hvlskape